Ein møteplass for kulturelle opplevingar

Gode masfjordingar og sommargjestar!

Her presenterer me kultur-, frilufts- og og idrettsarrangement me kjenner til i kommunen vår denne sommaren.

Det skjer mykje flott på kulturfronten hjå oss :
Sommarscena, som er for heile Masfjorden, er vel etablert som arena for kunst- og kulturopplevingar knytt til museumssamlingane.
Idrettslaga er aktive og tilbyr allsidig aktivitet.

Både kommunen, lag og organisasjonar og andre arrangørar legg ned mykje energi i å tilby varierte og spanande kulturtilbod. Vårt ønskje er at de støttar opp om tilboda. Det vil garantert gje gode opplevingar.
Så veit me at god oppslutning rundt arrangementa gir både arrangørar og deltakarar god energi til å stå på vidare og til å arbeida fram og delta på nye kulturtilbod. Slike opplevingar styrker fellesskapet i kommunen vår.

I midten av mai får alle husstandar eit program for første del av sommaren. Nytt program kjem i månadsskiftet juli-august. Frist for å melda inn arrangement til det programmet er 20. juni.
Send gjerne ein e-post til sommarscena@masfjorden.kommune.no

Så er det flott om arrangørar legg arrangement inn i aktivitetskalenderen på kommunen si heimeside.

Vel møtt til fellesskap og gode opplevingar!

Karstein Totland
ordførar
Frank Kvinge
fagleiar kultur

Du vil også finne informasjon om kulturtilboda her:

masfjorden.kommune.no
bjornwest.museumvest.no

Har du lyst til å hjelpe oss med å dele informasjon om eit arrangement, kan du gjere dette via delingsikona du finn på sida for arrangementet det gjeld. På førehand takk for hjelpa!