Baljelauget med eigen musikk-katt.

«Baljelauget» er ein lystig gjeng frå Voss som blandar americana på norsk med folkemusikk. Namnet «Baljelauget» kjem av bassen dei nyttar, ein såkalla «washtub bass», eller vaskebalje. Dette gjev dei ein særeigen sound saman med hardingfele, dobro og trommer.

Baljelauget framfører stusselege viser på tvangsrim om hjerte, smerte, skjemt og alvor til hardingfelespel og baljebass. Her møter amerikansk blues og bluegrass norsk folkemusikk, krydra med humor og historie.

Baljelauget består av låtskrivar, vokalist og gitarist Olav Undeland som serverer tvangsrim på dialekt i skjønn foreining med tøffe bluesriff på gitaren, felespelar Arne Anderdal, meisterspelemann frå Hemsedal som meistrar dei flestre musikkstilar, baljebassist Svein Prestegard som med sinkbalje, eit kosteskaft og snor (som regel ) finn tonane ved å stramma snora med kosteskaftet, trommeslagar Tor Helge Opdahl som for høvet spelar på ei stor samling hushaldningsutstyr.

Dette vert garantert ei oppleving du vil leva  lenge på! 
Les meir: http://www.baljelauget.com/om-oss/

Tid: Kl 19.00
Stad: Nothuset på Masfjordnes
Billett: Kr 200
Arr.: Sommarscena med støtte frå