Søndag 3.februar var det 75 år sidan rutebåten «D/S Masfjord» forliste ved Duesund i Masfjorden.

Båten var på veg frå Matre til Bergen, men i mørke og tett snøver sette han feil kurs på veg frå Sandnes mot Hosteland. 11 menneske omkom.

Masfjorden kommune ønskjer å markera denne tragiske hendinga. Minneplata som står på Nesjane er restaurert og det vil bli avduka 11 søyler til minne om dei som mista livet i forliset.

Markeringa vert om bord på D/S Oster. Båten tek opp passasjerar i Duesund kl 1600 ( gamle ferjekaien) og Sandnes ( dampskipskaien v/ butikken) kl 1620, og går deretter til Nesjane v/ Duesund. Undervegs gir Alf Strand eit historisk tilbakeblikk av den tragiske hendinga.

Ved Nesjane blir det tale v/ ordførar, avduking av minnesmerke og ein minikonsert v/ Kjersti Wiik og Jørn Skauge. Etter seremonien vert det enkel servering om bord før båten går i retur til Duesund og Masfjordnes.

Småbåtar som ønskjer å vera med på seremonien kan samla seg på kvar side av OSTER og følgja med ved å lytta til det som går ut over høgtalaranlegget til OSTER.

Kafeen på Masfjordnes er open  før og etter markeringa.

Vel møtt til å vera med på minnemarkeringa!

Tid: Kl 16.00 – 17.30
Stad: Nesjane, Duesund
Fri entré
Arr.: Masfjorden kommune i samarbeid med Sommarscena, og med støtte frå