Denne kvelden blir det latinamerikansk stemning på kaféen. reSouza er ein norsk-brasiliansk singer/songwriter som med inspirasjon frå folk og bossanova syng om korleis det er å bli drege mellom to kulturar, og om ting som engasjerer henne. Debutsingelen hausta gode omtalar i inn- og utland og har mellom anna vorte nytta i «Unge lovende» på NRK.
På denne konserten har ho med seg fire dyktige musikarar på scena, mellom anna utflytta masfjording May Frida Bosch, som spelar trommer. Dei andre musikarane er:
Vokalist Hilde Toresdotter frå Trondheim.
Bassist Lars Westrebø frå Askøy.
Gitarist og låtskrivar Jaran Hereid frå Karmøy.

Blir veret bra vert konserten flytta ut til den nye utescena ved kaféen.

Tid: Kl 20.00
Stad: Sandneskaféen, Masfjordnes
Billett: Kr 200
Arr.: Sommarscena i samarbeid med Sandneskaféen, og med støtte frå