Bente Haugland er frå Os, og har atelier i den gamle stasjonsbygningen i Os sentrum.
Bente har tekstil som si uttrykksform. Ho lagar tekstilbilete med stor variasjon i fargeval og eksklusive stoff (bl.a etiopisk håndvevde stoff, kinesisk og indisk silke), og skapar sitt særeigne uttrykk ved å kombinera papir, stoff og saum i bileta. Dersom ein sammenliknar Bente si kunstform med ein malar, er stoffa paletten og saumen streken. Detaljane i arbeidet hennar skapar sjølve uttrykket.
Bente hentar sin inspirasjon fra musikk, tekstar og møte med menneske.

Under opninga av utstillinga blir det presentasjon av utstillinga ved utstillaren, musikkinnslag og litt å bita i.

Velkomen til å oppleva noko svært vakkert!

Bilete laga av Bente Haugland

Bente samarbeider tett med lyrikaren Bente Bratlund. Dette samarbeidet  gjev gjensidig inspirasjon. Her er eit døme på det: 

«Som verdfulle perler
er venner eg har fått
Med sine mange og ulike fargar
fyller dei livet mitt med gleder
Vi har delt latter og tårer
tunge dagar og lyse

Eg samlar dei i ei lang
glitrande lenke av takk»

Bente Bratlund

Kunstutstillinga vert ståande i lokalet ut juni, og vil vera open  søndagar 26.05-30.06 kl 13-17. Utstillinga er og open Kristi Himmelfartsdag 13-17 og fredag 7.juni kl 17-19 i forkant av lyrikk- og viseprogrammet med Bente Bratlund m. fl.  Ein kan og venda seg til Masfjorden kommune og Sandneskafeen dersom ein ønskjer å sjå utstillinga til andre tider.

Tlf. Sandneskaféen 97702476
Tlf. Masfjorden kommune 97061230

Her er ein peikar til Bente si facebookside:

Stad:       Kvamsdals fargeri, Masfjordnes
Tid:        Kl 17.00-19.00
Billett:   Kr 50
Arr.:       Sommarscena
Museumssamlingane( Fargeri og nothus) opne kl 17.00-19.00