Kristoffer Kleiveland og Maria Skjeldrum Toppe
Foto: Svanhild Toppe Tolaas

Igjen ønskjer me velkommen til » Forteljingar i skulestova». 

Denne gongen vert det presentert folkemusikk av ypperste merke, og me blir med på fjelltur med fjellentusiast Jane Britt Daae.

Velkommen i skulestova !

Om utøvarane og programmet:

Konsert med Maria Skjeldrum Toppe( fele) og Kristoffer Kleiveland ( torader)

Maria Skjeldrum Toppe er hardingfelespelar, godt forankra i folkemusikk- og folkedanstradisjonen på Vestlandet. Ho har ein mastergrad i musikkterapi frå Griegakademiet, der masteroppgåva fokuserer på bruk av folkemusikk og folkedans i møte med personar frå ulike kulturar. Til dagleg jobbar Maria som hardingfelelærar i kulturskulen i Bergen og på Osterøy, og som musikkterapeut i kulturskulen i Bergen. I tillegg driv ho kurs- , konsert- og turneverksemd som hardingfelespelar og folkedansar i inn- og utland. Maria held no på med eit prosjekt der ho fordjupa seg i folkemusikktradisjonen i Bergen, med Bergens-spelemannen Finn Vabø som ei sentral slåttekjelde.

Kristoffer Kleiveland (durspel) kjem frå garden Kleiveland på Osterøy. Han vaks opp i eit sterkt folkemusikkmiljø der dans og musikk var viktige element i kvardagen. Seinare har han studert utøvande folkemusikk på Ole Bull Akademiet med hovudvekt på tradisjonsmusikken i Nord Hordaland. Kristoffer vært rekna som ein av dei beste utøvarane på durspel i dag, og har mellom anna vunne Landskappleiken fleire gongar, sist i 2018. Han driv til daglig med opplæring på durspel. I tillegg driv han kurs- , konsert- og turneverksemd i inn- og utland.

«Til seters for å gjera seg feit –  ei reise i lokale fjell, stølsmiljø og gamle ferdselsvegar» v/ Jane Britt Daae.

Jane Britt Daae er ein person som over tid har bidratt sterkt med frivillig arbeid i Turlaget,  er ein turglad person som ikkje er redd for for å ta på seg oppgåver og som er kreativ og flink til å marknadsføre Turlaget,  – Daae er flink til å få turlags- og fjellstoff på trykk i lokalavisene og er ein aktiv brukar av nye medium i arbeidet med å informere og freiste andre til å delta på turar. Ho drar med seg sitt store kontaktnett nye folk på turar og aktivitetar, heitte det i grunngjevinga til Turlaget då ho vart tildelt Budeiedilten 2019.

Grendelaget stiller med kaffi og bakst!
Og sjølvsagt kan du ta skulemuseet i nærare augnesyn.

Tid: Kl 17.00
Stad: Arrangementet er flytta frå skulemuseet til Sleire grendehus
Bill: Kr 150. Gratis for born t.o.m grunnskulealder
Arr.: Sommarscena, med støtte frå Den kulturelle skulesekken og