Skorsteinen på Kvamsdals fargeri
Skorsteinen på fargeriet

Det gule bygget med den karakteristiske høge skorsteinen er eit lett synleg landemerke på Masfjordnes.

Utstillinga i Kvamsdals fargeri vitnar om 60 års industrihistorie på Sandnes. Det fortel om ein type småbedrift som var vanleg på Vestlandet på 18- og 1900-talet. Eigarane følgde utviklinga og moderniserte verksemda som var i drift heilt fram til 1950-talet. Det meste av inventaret i fargeriet er intakt og står slik det stod då det vart lagt ned i 1954.

Mesteparten av utstyret er plassert i kjellaretasjen. Men rommet som tidlegare var tørkeloft, vert nytta til utstillingar og til konsertar. Med sitjeplass til om lag femti personar seier det seg sjølv at dette rommet er godt egna til konsertar av det intime formatet.

Her er ei liste over arrangement i fargeriet.

Fann ingen innlegg.