
Nothuset på Sandnes vart sett opp og eigd i fellesskap av gardane på Kvamme, Sandnes, Duesund og Areklett. Her vart felles utstyr til fiske – nøter og anna – oppbevart.
I dag er bygningen overteken av kommunen, og Masfjorden båt- og sjøbrukssamling er plassert og utstilt her. Samlinga består av tradisjonelle bruksbåtar og sjøbruksreiskapar frå heile kommunen. Båt- og sjøbruksregistreringane frå 1990-talet gjer at det finst ei god oversikt over båtar og reiskapar som er brukte og/eller bygde her. Utstillinga i nothuset på Sandnes presenterer eit breitt og spanande utval.
I tillegg til å ha omvisningar i samlinga, nyttar Sommarscena lokalet i første høgda som konsertlokale. Her er det plass til om lag 100 personar.
Her kjem eit oversyn over arrangement i Nothuset: