Velkommen inn i skulestova!

Gamle Sleire skule vart bygd i 1894. I dag er han nytta som skulemuseum.
I skulemuseet er det samla utstyr som skriv seg alt frå omgangsskulen si tid. Det er ei historisk boksamling, vi finn lærebøker, læremidlar og faglitteratur frå eit stort tidsspenn i Masfjord – skulen.
Her er plansjar, kart, globus og andre hjelpemidlar. Her er ei utgåve av samanleggbar tavle som læraren i omgangsskulen hadde med seg. Du finn og ei kiste og kartrullar som læraren måtte frakta med seg mellom dei ulike plassane det var omgangsskule. Eit bord frå tida med omgangsskule er det og. Heldigvis har lærarane i skulane teke vare på materiell frå fleire tidsepokar.
Skulestova er ikkje stor, så her ligg alt til rette for arrangement i det intime formatet.