Foto: Thor Brødreskift

Hordaland teater tilbyr denne klassikaren av Jon Fosse som monolog med skodespelar Stig Andam, godt kjend frå Den nasjonale scene og frå mange film- og TV-roller.

Den kraftfulle monologen om fiskaren Johannes passar særs godt å spela i røffe kystkulturmiljø som i nothuset. 

I eit fortetta «limbo-univers» møter vi Johannes i ytterpunkta av sin livssyklus. Den dagen han vert fødd og den dagen han skal over til den andre sida. Vi møter Stig Amdam som fiskaren Johannes. Han skal saman med sin avlidne beste ven Peter gå igjennom livet sitt for å møte døden. Han ser, sansar og freistar å ta inn over seg kva det er som er i ferd med å skje. Erkjenninga om at livet skal til å sleppe taket veks fram i han etter kvart som han undrar, minnest, ser og får satt opplevingane sine i perspektiv. Heile tida er sjøen og arbeidsgjerninga ved kysten sterkt til stades som ramme for livsverket til Johannes. Forteljinga har rike religiøse og eksistensielle dimensjonar og snakkar til oss på ein særs sanseleg måte og er eit glimrande eksempel på Jon Fosse si magiske forteljarkunst. 

«Morgon og kveld er en enkel historie om tilværelsens viktigste spørsmål: selve meningen med livet.» ( Dagens næringsliv)

 

Du var kanskje ein av dei mange som for nokre år sidan fylte nothuset til randen då Helge Jordal på meisterleg vis framførte Terje Vigen?  Også denne gongen må folk kjenna si besøkingstid! Dette vert ei kulturell storhending!

» Alt kjennes riktig i dette Jon Fosse-stykket»  ( Bergens Tidende 31.08.19)

Publikum møter på Sandneskaféen til kl 1830 for kort fellesinformasjon om framsyninga og går samla derifrå til nothuset. Ta gjerne med sitjeunderlag/ullteppe/varme klede.

Det vert servert fiskesuppe på Sandneskaféen etter framsyninga.

Tid: Kl 19
Stad: Nothuset, Masfjordnes( Masfjorden båt- og sjøbrukssamling)
Billett: Kr 250. 

Billettar kjøper du her:

https://hordalandteater.eventim-billetter.no/webshop/webticket/shop?event=317

Det vert lagt ut 100 billettar. Billettsal i døra dersom ledige plassar.

Arr: Hordaland teater i samarbeid med Sommarscena