Lokala til Sandneskaféen var i si tid bygd som bustad for distriktslegen. Legekontoret låg i same huset, så legen hadde rimeleg kort veg til jobben…

I dag vert legebustaden nytta som kafé. Sommarscena har eit godt samarbeid med ho som driv kaféen, og lokala vert både nytta til konsertar og utstillingar. Sommaren 2019 vert ei ny utescene teken i bruk, og det opnar for fleire spanande konsertopplevingar.