Lyrikar Bente Bratlund, portrett
Lyrikaren Bente Bratlund

Bente Bratlund ( opplesing), Kjersti Wiik (song) og Trond Fykse ( tangent) har sett saman eit song-/lyrikkprogram som byggjer på dikt i utval av den folkekjære lyrikaren Bente Bratlund frå Os.

Songar Kjersti Wiik, portrett
Songar Kjersti Wiik

Dei tek for seg det å vera midt i livet, om å ta sjansar, ta ansvar for eige liv og leva, og situasjonar som ein kan både le og gråta over. Alt blir skildra gjennom Bente sine vare og humoristiske dikt, Kjersti sitt songutval og Trond sitt vakre pianospel. Stunda skal vera god for lyttarane samt til ettertanke.

Trond Fykse, portrett
Trond Fykse, tangentinstrument

Etter programmet vert det høve til å kjøpa dei populære koppane med påtrykte dikt av Bente Bratlund.
Det vil også vera høve til å sjå Bente Haugland si vakre kunstutstilling i Fargeriet både før og etter programmet, frå kl 17. Sandneskaféen er open frå kl 17.

Utøvarane gjestar Masfjorden sjukeheim med framsyning kl 16.30 same dag, i regi av Den kulturelle spaserstokken.

Tid: Fredag 7.juni kl 19.00
Stad: Sandneskaféen, Masfjordnes
Billett: Kr 200
Arr.: Sommarscena i samarbeid med Sandneskaféen