NB! Konserten er flytta til laurdag 26.oktober.

Dette musikklaget bestod i startfasen av Henning og Edvard som jamma i lag på «Mjangerdagen», med ausekaker (sveler) i honorar. Sidan har dei lagt på seg og har no blitt til eit lite orkester!
Trass ein viss namnelikhet med eit anna band frå distriktet vårt er sjansen for å høyre lyd frå messing denne kvelden forsvinnande liten. Sjølv om samtlege av medlemmane har vakse opp midt mellom blåsande aspirantar har dei på merksnodig vis endt opp med å spela instrument som ikkje treng oksygen for å fungere (utanom sangen, sjølvsagt!). Likevel tør me påstå at det har gått overraskande bra med denne gjengen, som alle har opphav eller tilknytning til Mjanger. På Sandneskaféen 7.september vil du få høyre eit knippe av låtane dei liker best, frå både pop, country og jazzverda. Dei lover kjempegod stemning, og har du med ei ausekake til dei speler dei endå bedre!

Ingrid Leithaug Mjanger (vokal)
Edvard Mjanger (el-bass/kontrabass)
Guri Gjermstad Dypvik (piano)
Hans Olav Molde (trommer)
Henning Hodne Mjanger (gitar)
….. Og kanskje vil fleire gjestar dukka opp undervegs i konserten…!

Tid: Kl 20
Stad: Sandneskaféen
Billett: Kr 200
Arr.: Sommarscena i samarbeid med Sandneskaféen, og med støtte frå