
Utstillingsopning kl 15:
Bjørn West-muséet feirar 25 år i år og legg opp til fleire arrangement gjennom året. Kl 15 denne dagen opnar eit nyoppussa båthus, ei temautstilling om Stordalsfolket og diverse utstillingar i museumstunet. Etter opninga vert det enkel servering.
Konsert kl 17:

Frode Skag Storheim (piano) og Ingeborg Ekeland (song og fiolin) ynskjer velkommen til konsert med hovudvekt på norsk romantisk musikk.

Duoen Ekeland/Storheim møtte kvarandre under studia ved Griegakademiet, og begge er allsidige og utadvendte formidlarar. Frode har alt lang erfaring som konsertpianist, pedagog og kåsør, og Ingeborg vart i fjor tilsett som orkesterpedagog i Bergen Filharmoniske Orkester.
Dei lovar ein vakker, utadvendt og energisk konsert.
Tid: Kl 15.00/ 17.00
Stad: Bjørn West-museet, båthuset
Billett, konsert: Kr 150. Barn under 15 gratis
Arr.: Bjørn West-muséet og Sommarscena